Fra offisersgard til gjestegardHovedhuset før brannen . Handeland gard høyrte fra gamalt av til Halsnøy Kloster. OffisersgardPå starten av 1600 talet blei garden lagd ut som 'kvarter' for offiseren Peder Montagne de Lillenskiold. Då han bosatte seg på Handeland eigde han 20 garder, og det var ikkje lengje han var fornøgd med å ha kvarter på garden. I 1694 kjøpte han den. Montagne de Lillenskiold, på folkemunne kalt Montanjen, er mest kjend for den omfattande næringsvirksomheit han dreiv. Han var dyktig til å skaffa seg konsesjonar og einerettar til mange typer aktivitetar. For dette blei han beundra, men det stod lite respekt av framferden hans ellers. Han var hard og brutal og hadde alltid fleire stridigheiter på gang. Reiperbane, teglsteindrift og marmorbrot var nokon av geskjeftane hans. Han hadde fleire i arbeid, og det seiast at han behandla folka sine dårligt, men glade var dei likavel, då han alltid klarte å skaffe arbeidsfolket sitt fritak frå militæret. Nokon god forretningsmann var han ikke, han skusla bort pengane og med dei æren, makten og eigendomane. Han var konkurs då han døjde i 1727. På Handeland fikk han i 2004 oppkalt baren i underetasjen etter seg: Montanjen. Om han fortjende det, vil historien visa. Familien Dahl overtok i 1734 og beholdt den til 1904. Etterkomarane av Dahlslekta bur framleis i Gangstø. Det seiast at det kom mykje fint folk på besøk på Handeland i familien Dahl si tid. I 1830 ska Gjest Baardsen ha besøkt garden og vanen si tru, stal han mesteparten av sølvtøyet og gøymde det i Handelandsdalen. Skal ein tru på historia, ligg det der enno. I 1840 kom eventyrskrivaren Per Christen Asbjørnsen til gards. Kanskje var det sølvtøyet som lå og glimta i sola som inspirerte Asbjørnsen , då han etter besøket skreiv eventyret: 'En vestlansk skovdal'. Eventyret er egna til å lokke kven som helst på tur innover dalen, skogen og fjellet. Eventyret kan lesast under Valesiftinga si side : www.valestiftinga.no I 1910 vart Valen Sjukehus etablert, og ikkje lenge etter vart det behov for meir plass. Slik vart det at Hordaland Fylkeskommune seinare kjøpte Handeland Gard, som vart ein koloni til Valen sjukehus. Hovedhuset vart utsett for brann og seinare bygd opp igjen. Her levde mange av pasientane i 10 år og meir, men reformer innan psykiatrien krov etterkvart at ein skulle behandlast så nær heimstad som mogeleg, og pasientane blei dermed flytta til andre kommunar. I 1997 stengde Hordaland Fylke dørane på Handeland gard då dei meinte det ikkje lenger var behov for slik drift. |